Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Tradisjonen tru inviterer Bømlo kunstlag til julemarknad i Wichmannsmia siste veka før advent. Kunsthandverk som porselen, silkesjal, glas og smykke vil pryda den gamle smia innimellom rubbmotorar, grue og verktøy. Salsutstillinga opnar torsdag 22. november. Me serverer førjulsstemning og gløgg.

Signe Halle nyttar den japanske teknikken Shibori i sine silkesjal. Tekstilane blir bretta, sydd, folda eller knytta – slik at farge ikkje trenger inn overalt. Ho bruker ulike transparante silkekvalitetar og verktøyet er utskorne sjablongar i tre eller stål. Tekstilkunstnaren har atelier på USF i Bergen og er ansatt i 50 % stilling som verksmeister på Fagområde Tekstil ved Fakultet for Kunst Musikk og Design, ved UiB.

Keramikar Jan Kåre Myklebust sine arbeid er for det meste funksjonelt porselen. Formene er enkle, gjerne med ein kutta kant som bryt med det reine uttrykket og skapar ein kontrast. Han starta utdanninga si ved keramikkinstituttet i Bergen. Han tok så ein bachelorgrad ved University of Wolverhampton. Etterpå var han lærling hjå keramikar Dr. Julian Stair i London i litt over to år. Myklebust har no verkstad med utsal i idylliske Alvøen utanfor Bergen.

Ina Kristina Hove er glaskunstnar og fortel at ho jobbar saman med glaset. Ho blæs og formar ei kule. Så byrjar ho å presse, punktvarme, stikke hol, presse meir – glaset svarar med å strekke seg, sige og kjem med forslag. Slik vert det ferdige objektet eit hendelsesforløp i stivna form. Med sin bakgrunn frå teater er improvisasjon med materialet naturleg og naudsynt for kunstnaren. Prosessen skal synast i resultatet. Det gjennomsiktige glaset avslører og avdekker.

Siv Asbjørnsen lagar smykke i sølv og akryl. I tillegg brukar ho steinar, glas, nylon, emalje og andre materiale som dekorative element. Ho føretrekker klare, reine former og tek ofte utgongspunkt i geometriske grunnformer. Dei gjev mange mogleikar, kvar for seg eller i kombinasjon. Ho hentar inspirasjon frå tidlegarer kulturar og stilepoken Art Deco. Materiala i seg sjølv kan også vera kilde til inspirasjon. Favorittmaterialet sølv bind det heile saman til hennar særeigne stil.

 

Velkomen til julemarknad i Smio. Her får du oppleva flott kunsthandverk og førjulsstemning i eit spanande utstillingsmiljø. Opning torsdag 22.11. kl. 19.00

Advertisements

I år er det sjette gong Høstutstillingen i samarbeid med Norske Kunstforeninger formidlar eit utval videoarbeid til kunstforeningar rundt om i landet. Dette samarbeidet bidreg til å gjera Høstutstillingen til ei nasjonal utstilling – både for kunstnarane som deltek og for publikum som kan sjå kunsten der dei bur.

Bømlo kunstlag viser videoverka i samarbeid med Bømlo kulturhus og dei kan opplevast i perioden 1.-30. november. Verka vert vist etter avtale, ta kontakt med kulturhuset.

Tidlegare år har enkeltverk blitt framheva, men i år vert to heile videoprogram presentert. På den måten håpar ein å formidla noko av mangfoldet som Høstutstillingen er kjent for. Samstundes, ved å presentere filmane i program slik juryen har sett dei saman, får publikum innsyn i juryen sine kunstfaglege vurderingar og korleis dei meiner desse filmane kan kontektstualisera kvarandre.

I videokunst møter me utforskande forteljarformer og krysningar mellom ulike sjangrar. Med variasjon i uttrykk, tematikk og teknikk, viser arbeida videokunstens største styrke – mediets plastiske moglegheiter. I videokunsten kan historieforteljing føregå på andre og nye måtar, og kanskje kunstopplevinga kan føra til at ein ser annleis på eiga historie og omgjevnader i etterkant.

 

PROGRAM 2:

Astrid Findreng og Grethe Britt Fredriksen: EXPIRATOR

Helge Hansen: ForestSurprise

Andrea Bakketun: Hull i teorien

Hanne Nygård: It’s like things are not real here

Lengde: 36 min.

 

PROGRAM 4:

Helge Hansen: A walk on the Beach

Andrea Lange: AH UM

Marius Mathisrud: FreeDOOM Fighter

Karou Calamy: Hajar

Franciska Eliassen: Imellom/Blue borders

Lengde: 34 min.

 

Høstutstillingen har som mål å visa kva som rører seg i norsk samtidskunst. Alle kan søkje om å få stille ut på Høstutstillingen. Deltakarane vert vurdert av ein jury som består av seks kunstnarar som er valt av Norske Billedkunstneres landsmøte, og sit i to år av gangen. Den nasjonale juryen i år er: Anna Ihle, Anders Kjellesvik, Tom Stian Kosmo, Joar Nango, Julie Lillielien Porter og Marte Aas.

Momentum i haustferien

Me kjem frå ein relasjon, me knyter relasjonar, me er avhengig av relasjonar, me bygger relasjoner. Mennesket si tilknyting til andre bidreg til å bygge mennesket sin identitet og til sjuande og sist kan ein seie at alt handlar om relasjonar. Denne tematikken er sentral når eg arbeider med mine maleri. 

Dette seier Marie Storaas sjølv om kunsten sin. Ho er Bømlo kunstlag sin haustutstillar. Utstillinga Momentum opnar laurdag 6. oktober.

Storaas er fødd i 1981 og bur og arbeider i Bergen. Ho har ein mastergrad i kunst frå Kunsthøgskolen i Bergen og  har delteke på ei rekke utstillingar i Bergen og på Vestlandet. Under årets Vossajazz var ho festivalutstillar.

I Bømlo kulturhus vil Storaas stilla ut ei rekke maleri og ein videoinstallasjon. Arbeida hennar rører seg mellom det konkrete og det abstrakte, det romlege og det skulpturelle. Uttrykket er sansbart og består av taktile flater som har eit materielt språk.

Utstillinga heng heile haustferien. Velkommen!

I timane før du skal på Evita-framsyning i Moster Amfi kan du sitja ved eit kafébord i idylliske Tollhagen. Og i kjellaren kan du få med deg flott glaskunst signert Formbar Glassverksted.

Bømlo kunstlag er ansvarlege for utstillinga og saman med Bømlo Teater held dei open kafé i Tollhagen gjennom heile musikalperioden 8.-18. august.

Formbar Glassverksted AS held til i Haugesund og er ein fellesverkstad og atelier som vart etablert i 2017 av glaskunstnarane Eirin Bjørsland Hansen, Julie Shirani Kausland og Kirsten Vikingstad Storesund. Formbar satsar på høg kvalitet og tilbyr designvarer, brukskunst og kunst i glas. I tillegg til besøkslokale og uttal har verkstaden deira ein fullt utrusta glasblåsarverkstad og slipeverkstad.

Julie Shirani Kausland kjem frå Bergen og har m.a. utdanna seg ved Glasskolan i Kosta, Nordiska Programmet, Sverige og har delteke ved kollektivutstillingar i Sverige, Latvia og Norge.  Ho jobbar strukturert og er oppteken av teknisk godt handverk med høg funksjonalitet og fokus på detaljar. Som formgjevar har ho ein lidenskap for brukskunst av høg kvalitet med ein estetikk som speglar att hennar interesser og oppfatning av verda.

Eirin Bjørsland Hansen kjem frå Elverum og er m.a. utdanna ved Riksglasskolan i Orrefors, Sverige og Det Kongelige Danske Kunstakademis skoler for arkitektur, design og konservering, avd. Glass, Bornholm, Danmark. Ho har medverka på fleire kollektivutstillingar i inn- og utland og har hatt ei separatutstilling i Galleri T i Elverum.  Ho jobbar både funksjonelt og skulpturelt, men vert stadig dregen vekk frå det tradisjonelle mot det abstrakte og skulpturelle. Ho hentar inspirasjon frå naturen, havet og fargesjatteringar på himmelen.

Kirsten Vikingstad Storesund (Karmøy) har også si utdanning frå m.a. Riksglasskolan i Orrefors, Sverige. Ho har delteke ved fleire utstillingar både i Norge og utanlands. Ho arbeider systematisk og brukar mykje av sitt opphav som hovudinspirasjon til nye produkt og kunstobjekt. Som formgjevar og handverkar jobbar ho med komposisjon, strame former og blandar gjerne andre materialer inn i arbeida for å skapa eit heilheitleg inntrykk.

Utstillinga opnar onsdag 8. august kl. 17.00, opningstida vert 17.00-21.30 og kafeen held ope 17.00-23.00 kvar dag (begge stengt måndag 13. august, då det ikkje er framsyning).

Tekstilkunstnar Åse Ljones er Bømlo kunstlag sin sommarutstillar. Sting for sting fortel ho historiar som me kan oppleva i kulturhuset i sommar. Velkommen til opning torsdag 28. juni kl. 18.00. Utstillinga heng til 12. august.

Åse Ljones er utdanna ved Bergen Kunsthandverkskule med hovudfag tekstil.  Ho har arbeidd med tekstil i ulike materiale og uttrykk. No er det broderi for hand som er med å skapar bilete og store teppe. Tida, ljoset og nærleiken til naturen er med å forma det ferdige uttrykket. Tolmod og styrke er nokre av eigenskapane som kjenneteiknar tekstilkunstnaren. Eigenskapar ho kanskje har med seg frå oppveksten i Strandebarm? Ho har lete seg inspirera av mellom anna sterke kvinner frå denne tida. Nokre av arbeida hennar ber på forteljingane deira, møysommeleg fortalt sting for sting, tråd for tråd – ein møysommeleg prosess. Natur, lys og årstider har påvirka arbeidet til Ljones – og det er mykje Hardanger å spore i tonesetjinga hennar. ”Åse søkjer sjelefred og kontemplasjon, ho vil grava seg ned i sitt eige for å henta noko ut, noko personleg ho kan allmenngjera og dela med andre, ho vil vera i den fredsame broderinga si og fortelja om verdiane i dei små menneska sine nære, kvardagslege historiar. Ho vil syna fram dei blyge skogblomane, minnast dei bortfarne og usynlege kvinnene, vera gamaldags på ein nyskapande måte. Det er ein trass der, eit blikk for manglar i samtida, ein protest mot den forbrukande og oppskrudde tidsånda, ei sakte klipping og sying i kontrast til liberalisme og finansprofitt” heiter det i katalogen for utstillinga hennar i Kabuso i 2014.

Til Bømlo kulturhus har Ljones med seg store teppe og nokre bilete som er spent opp på rammer, alt er håndbrodert på lin.

 

Åse Ljones har ei rekke gruppeutstillingar bak seg dei siste åra, mellom anna i KODE II i Bergen, og i Brown Grotta Art, Connecticut, USA. Separatutstillingar har ho hatt i Risør kunstpark, Nationaltheatret, Oslo, Kabuso, Galleri Giga, Sørlandets kunstmuseum og Konstens Hus Luleå, Sverige for å nemna nokre. Eksempler på utstmykkingsoppdrag:  Solli DPS, Bergen, Stord Hotell, Høgskulen Stord Haugesund og Den norske ambassade i Kathmandu i Nepal. Ho er også innkjøpt av m.a. Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Oslo, Kunstindustrimuseet i Trondheim og Sørlandets Kunstmuseum. Hennar siste utsmykkingsoppdrag er det enklare å oppleva for bømlingane, det er nemleg på nye Bremnes Ungdomsskule.

 

Ut juni vil Blue-Boss-Bob halda hus i Vilvite i Bergen. Ta turen om du er i Bergen!

Bømlo kunstlag ynskjer velkommen til utstillinga Paiza Miwan, ei gruppeutstilling med kurdiske kunstnarar. Utstillinga er eit samarbeid med Bømlo folkebibliotek og utstillinga vil henga i biblioteket i perioden 15.03-27.04.

Utstillinga er kuratert av biletkunstnar Kwestan Jamal Bawan (bilete).
Ho vil stå for opninga på Bømlo folkebibliotek 15. mars kl. 12.00.

Dei som ikkje får med seg opninga på dagtid er velkomne til føredraget Kurdisk kultur og språk med Tarik Hedi kl. 18.00 same kveld, dette skjer også på biblioteket.

Paiza Miwan er ei gruppeutstilling med biletkunstnarar frå Kurdistan. Paiza Miwan betyr haustgjester på norsk, det er også tittel på ei diktbok av Sherko Bekas.
Målet med utstillinga er å skapa dialog mellom kunstnarar som har vakse opp i Irak, eit land i krig og oss i Noreg. Saman ynskjer me å skapa ei kulturell utveksling og betra den kulturelle forståinga mellom Noreg og Kurdistan.
Kwestan har vore i Kurdistan og møtt kunstnarane og plukka ut nokre av deira verk som skal stillast ut på Bømlo folkebibliotek.
Ho har hatt fokus på at utstillinga skal presentera kunstnarar i ulike aldersgrupper.

 

Kwestan Jamal Bawan står for opninga av utstillinga og vil m.a. visa ein video ho laga i sommar. Videoen omhandlar det nasjonale museet Amna Suraka i Nord-Irak. Bygget fungerte tidlegare som er eit av Saddam Hussein sine fengsel og torturkammer i Sulaymania og er i dag gjort om til kunstgalleri og museum.

Litt om kunstnarane:

Wahbi Rasool er lektor ved Fine Art Institute og Sulaymania Art College i Nord-Irak. Han har hatt utstillingar og seminar både i og utanfor Irak, mellom anna London.

Rebwad Saed har kunstutdanning og doktorgrad i Fine Art frå London. I dag er han rektor ved Suleymania Art College. Han har hatt stor utstillingsaktivitet i Irak, USA, England, Tyskland og Japan. I 2009 vart han plukka ut til å stille ut i den kurdiske paviljongen på Veneziabiennalen.

Sakar Faroq har studert på Fine Art Institutt i Sulaymania og har delteke på ulike gruppeutstillingar i Irak, India, England, Egypt og Sverige. Ho er kunstlærar i Sulaymania og samarbeider med Kwestan gjennom kulturutveksling mellom Noreg og Kurdistan; KUMNIK.

Aryan Abubakr har studert på på Fine Art Institute og Sulaymania Art College. Han jobbar som lektor på ein ungdomsskule og er engasjert i eit aktivitetssenter for born.
I 2015 deltok han på Veneziabiennalen i den kurdiske paviljongen.

Ali Jolla er tidlegare rektor ved Fine Art Institute i Sulaymania og lektor ved Sulaymania Art College. Han har hatt mange utstillingar i store deler av verda. Han er Kwestan sin kunstlærar.