Bjørn Inge Gåsland si kunst-i-natur installasjon «Draugen» vart opna ved Totlandsvatnet på Moster i helga.
Her er han med villeple-blomar i handa og Draugen i vatnet bak seg.
Nina Sele var både opnar og hadde kulturinnslag i eitt, då ho frmførte «Draugen» av Jakob Sande. Til alt overmål var ho fortsatt kledd i kostymet sitt som Gunnbjørg Gamle frå Mostraspelet, så ho såg ut som om ho visste kva ho snakka om! 🙂
For ein idyll! Nydeleg, varmt vér og sol, glade folk, ekte champagne, ville orkidear på marka, Draugen i vatnet, ei perla av ein tursti… kan ein be om meir?
Legg att eit svar