I år er det sjette gong Høstutstillingen i samarbeid med Norske Kunstforeninger formidlar eit utval videoarbeid til kunstforeningar rundt om i landet. Dette samarbeidet bidreg til å gjera Høstutstillingen til ei nasjonal utstilling – både for kunstnarane som deltek og for publikum som kan sjå kunsten der dei bur.
Bømlo kunstlag viser videoverka i samarbeid med Bømlo kulturhus og dei kan opplevast i perioden 1.-30. november. Verka vert vist etter avtale, ta kontakt med kulturhuset.
Tidlegare år har enkeltverk blitt framheva, men i år vert to heile videoprogram presentert. På den måten håpar ein å formidla noko av mangfoldet som Høstutstillingen er kjent for. Samstundes, ved å presentere filmane i program slik juryen har sett dei saman, får publikum innsyn i juryen sine kunstfaglege vurderingar og korleis dei meiner desse filmane kan kontektstualisera kvarandre.
I videokunst møter me utforskande forteljarformer og krysningar mellom ulike sjangrar. Med variasjon i uttrykk, tematikk og teknikk, viser arbeida videokunstens største styrke – mediets plastiske moglegheiter. I videokunsten kan historieforteljing føregå på andre og nye måtar, og kanskje kunstopplevinga kan føra til at ein ser annleis på eiga historie og omgjevnader i etterkant.
PROGRAM 2:
Astrid Findreng og Grethe Britt Fredriksen: EXPIRATOR
Helge Hansen: ForestSurprise
Andrea Bakketun: Hull i teorien
Hanne Nygård: It’s like things are not real here
Lengde: 36 min.
PROGRAM 4:
Helge Hansen: A walk on the Beach
Andrea Lange: AH UM
Marius Mathisrud: FreeDOOM Fighter
Karou Calamy: Hajar
Franciska Eliassen: Imellom/Blue borders
Lengde: 34 min.
Høstutstillingen har som mål å visa kva som rører seg i norsk samtidskunst. Alle kan søkje om å få stille ut på Høstutstillingen. Deltakarane vert vurdert av ein jury som består av seks kunstnarar som er valt av Norske Billedkunstneres landsmøte, og sit i to år av gangen. Den nasjonale juryen i år er: Anna Ihle, Anders Kjellesvik, Tom Stian Kosmo, Joar Nango, Julie Lillielien Porter og Marte Aas.
Legg att eit svar