Bømlo kunstlag inviterer til vår årlege julemarknad i Wichmannsmia, Rubbestadneset – siste veka før advent. I år kan me presentera kunst og design frå det det nære vestland. Innimellom rubbmotorar, grue og verktøy i den gamle smia vil du finna keramikk, smykke, vesker og strikk av beste kvalitet. Salsutstillinga opnar torsdag 21. november. Me serverer førjulsstemning og gløgg.
Her er årets kunstnarar/designarar:
SMYKKE | Ann-Christin Stenseth er gullsmed. Ho er opprinneleg frå Oslo, men har drive eigen verkstad og gullsmedbutikk i Stavanger i 30 år. Ho vart utdanna gullsmed i 1989 ved Elvebakken vid. skule. Ho lagar kun unikate (ein av kvar) smykke. Dei er laga for hand og ikkje støypt. Stenseth jobbar hovudsakleg med gull og sølv, men også edelsteinar.
KERAMIKK | Abbi M. Vandeskog bur og arbeider i Haugesund, der ho driv og eig galleri Albertine på Bakarøy i Haugesund. Ho ønskjer å skapa raffinement og eleganse gjennom fordjuping i enkle, harmoniske former. Ho leikar med ulike dekorative teknikkar, fargekominasjonar og kontrastar, med vekt på at design skal framheva form. Vandeskog dreier brukskunst som kopper, skåler, vaser og lamper med lekker design og delikate fargar. Ho har lært keramikkfaget og har m.a. drive verkstad og galleri på New Zealand gjennom mange år.
STRIKK | Marie Leiknes står bak strikkefabrikken LEIK knitwear på Fitjar. Ho designar og produserer plagga sjølv. LEIK er brennande oppteken av tidlause, varige plagg av høg kvalitet. Dei lanserer ikkje ein ny kolleksjon kvart år, men bygger den langsomt opp over tid. LEIK kombinerer inspirasjon frå naturen rundt den vesle strikkefabrikken i Fitjar med dei tekniske moglegheitene som ei moderne digital strikkemaskin gir.
SKINN/LERRET | Ingebjørg Nyhammer er designar og kunstnar (under namnet By Ingis) og jobbar med funksjon og tidlaus kvalitet for auga. Ho står bak merket Blåster og designer vesker, lommebøker og sekkar i ein skinnkvalitet som berre vert finare og finare ved bruk. Skinn- og lerretsprodukta er teikna for hand og kvar detalj har sin plass og funksjon. Skinnprodukta frå Blåster er laga for å tåla alt vestavinden bringer med seg og laga for å vara i generasjonar. Nyhammer kjem opprinneleg frå Stord, men bur og arbeider i Bergen. Ho har utdanninga si frå University of Hertfordshire i England og har tidlegare designa klede, veske og laga plateomslag og kunstnarisk materiell for norske artistar.
Velkommen til julemarknad i Smio. Her får du oppleva flott kunst og design – og med på kjøpet får du førjulsstemning i eit spanande utstillingsmiljø.
Legg att eit svar