

BØMLO KUNSTLAG SOMMARUTSTILLING 2021
«OMKRING BÅTEN HANS FAR»
BRITT SMELVÆR
Opning Laurdag 3.juli kl 13 i Bømlo Kulturhus med kunstnaren tilstades.
Utstillinga varer til sundag 15 august.
Ope 12-18 alle dagar, mandagar stengd.
«Omkring båten hans far».
Biletkunstnaren Britt Smelvær f. 1945, er oppvaksen på industristaden Årdal i Sogn, men bur og arbeider i København. Gjennom ulike bearbeidingar med fotografi og grafiske teknikkar, i broderi og i 3-dimensjonale objekt, skapar ho bileter som det er lett å relatere til. Dei fortel om minner, om å kjenne tilknytinga og ha røtene sine festa i miljøet her ved kysten, og ei lengt til det som var i barndomen. Men óg om det å erindre, å samle på, og å pleie minna, bygge inn det som er viktig å ha med seg i minnet, slik vi alle gjer det når identiteten vår byggast, same kor vi kjem i frå.




Kunstnar Britt Smelvær er i full gang med å montera utstillinga «Omkring båten hans far».
Legg att eit svar