Siste mulighet for å besøke utstillinga i Tollhagen.
Utstillinga er open fredag 13. og lørdag 14.08 frå klokka 17.00 til 21.00.

I timane før du skal på Kristina frå Duvemåla-framsyning i Moster Amfi kan du sitja ved eit kafébord i idylliske Tollhagen eller i ei av dei koselige stovene. Og i kjellaren kan du få med deg flott kunst. I dei stemningsfulle lokala finn du keramikk, glas og tekstil frå tre spennande kunstnarar.
Utstillinga opnar onsdag 4. august kl. 17.00, opningstida vert 17.00-21.30 og kafeen held ope 17.00-23.00 kvar dag (begge stengt måndag 9. august, då det ikkje er framsyning).

Anne Torill Bleiklie, kunstnarnamn Tolle Bleiklie, født i 1947. Keramikar, med bustad i Bergen.
Tolle har utdanning frå Bergen Kunsthåndverkskole, keramikklinja. Ho har tidlegare fått etableringsstipend og Bergen Bystipend. Har ulike studiereiser til Roma og Sør-Italia. Tolle har vore aktiv i Norske kunsthåndverkeres distriktslag, Hordaland, og medlem av landsstyret i Norske kunsthåndverkere. Ho har utsmykking og verk i Hordaland fylke, og kollektiv utstilling Bryggen Museum, Bergen.
Tolle var ein av dei første utstillarane i Bømlo Kunstlag. Veldig kjekt at ho er tilbake!
Sigrid Rostad, glaskunstnar. Født i 1988 og er utdanna glasblåsar med fagbrev frå 2012.
Ho har tidlegare blåse glas i Danmark og i Sverige.
Sommaren 2020 opna ho eige Glasblåseri ved Nordåsvannet i Bergen.
Ho leverer blant anna tallerknar og karaflar til Michelin-restauranten «Bare» og var i 2021 med å utsmykke scenene under Festspillene i Bergen.
Glaset hennes er karakterisert av ein rein og moderne skandinavisk stil, ofte i livlege fargar, med bølgjer og bevegingar fanga frå det varme, flytande glaset.


Marit Myklebust, tekstilkunstnar. Er født i 1953 i Fosnavåg.
Marit har utdanning frå Bergen kunsthåndverkskole i 1972–75 og Vestlandets kunstakademi i 1975-76. Ho fekk Nordlands fylkes kunstnarstipend i 1980. Marit har jobba som kunstnar sidan 1976. Arbeida består av silketrykk på bomull, bilettepper, skjerf, dukar, gardiner m.m.
Ho har hatt mange ulike utstillingar opp gjennom åra, både kollektive og separat. Har utsmykking mellom anna på Bodø psykiatriske sjukehus, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum Trondheim og Norsk Kulturråd.

Legg att eit svar