Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Uncategorized’ Category

Tradisjonen tru arrangerer Bømlo kunstlag vinterutstilling i vinterferien. Anna Kristin Ferking si utstilling Ei tid på jorda kan du oppleva i Bømlo kulturhus. Opning laurdag 22. februar.

Det kunstnariske prosjektet til Ferking i denne utstillinga, tek utgangspunkt i bilete ho tok i barndomsheimen sin etter at mora døydde. Pluss eit utdrag av dagboks-notatar til ei venninne og kunstnarkollega, etter eit besøk heime hos Ferking si mor, året før ho døydde. Foto og tekst er dokumentasjonar frå dei nære omgjevnadane ho vaks opp i, men også ein arena der eit menneske har levd heile sitt vaksne liv. Dette er ikkje eit forsøk på å frysa tida, men heller å stoppa opp og å reflektera over det ubegripelige i tilværet, ta farvel med noko kjært som ikkje lenger finnest, – før spora vert viskte ut.

cof

 

Forutan 7 foto fra barndomsheimen, vil Ferking visa to serier med grafiske arbeid, i tillegg til maleri, på utstillinga si. Ho broker teknikkane tresnitt/monotypi, silketrykk og akryl på lerret. Desse arbeida er inspirert av tekstilar frå heimen, som feks dukar eller kjøkkenhandklær. Motiva visar horisontale og vertikale felter sett saman på ein intuitiv måte.

“Viktigere enn ei attgjeving av eit bestemt mønster, er symbolverdien, kva mønster generelt representerer for meg. Dei vertikale felta er det jordlege, materielle, horisonten. Dei vertikale symboliserer det åndelige, det oppad-strebande, innsikt og opplysning. Mønster er også ein måte å skapa orden på. Heimlege tekstilar symboliserer omsorg for oss sjølv og dei me elskar, det enkle og nære. Eg har min bakgrunn i den grafiske verkstaden og mitt fokus har alltid vore farge og stofflegheit, noko ein oppnår ved å trykka motivet lag på lag i ei presse. Etter at eg begynte å preparera lerret frå botnen av, har eg kunna oppnå stofflegheiten jeg søker, også i maleriet. Men i motsetning til den strenge grafiske prosessen, kan eg i maleriet sleppa meg meir laus. Sjølv om eg også her bruker vertikale og horisontale felter, er dette ein teknikk som inviterer til improvisasjon og spontanitet”, fortel Ferking.

 

Om kunstnaren:

Det var i den grafiske verkstaden Anna Kristin Ferking utvikla seg til å bli kunstnar. Interessa for det grafiske feltet gjorde at ho kom i kontakt med kunstnarar i Frankrike(1988/89) og Skotland (1999/2008) der ho fekk innføring i dei ulike teknikkane. På 2000-tallet blei ho kjend for eit stilisert uttrykk med reine fargeflater sett saman i naive komposisjonar, ofte med eit skråblikk på livet.

Etter i studier i Bergen (2015-2018) har paletten blitt meir jordleg, formidlingspråket er abstrakt. Ho seier sjølv at det er ein måte å fanga det formløse, det usynlege, det me formemmer men som er uhandgripeleg. Eller som Jon Fosse seier det; «det som ikkje kan seiast». Teknikkane ho nyttar no er i hovudsak maleri og grafikk.

Ferking har Ba i kunst frå Kunstakademiet i Bergen. Medlemskap  i Tegnerforbundet (TF), Norske Grafikere (NG), Landsforeningen Norske Malere (LNM), Norske Billedkunstnere (NBK) og Bildende kunstneres forening i Rogaland (BKFR). Anna Kristin Ferking er født på Karmøy i 1962, ho er no busett i Stavanger.

Read Full Post »

Bømlo kunstlag inviterer til vår årlege julemarknad i Wichmannsmia, Rubbestadneset – siste veka før advent. I år kan me presentera kunst og design frå det det nære vestland.  Innimellom rubbmotorar, grue og verktøy i den gamle smia vil du finna keramikk, smykke, vesker og strikk av beste kvalitet. Salsutstillinga opnar torsdag 21. november. Me serverer førjulsstemning og gløgg.

Her er årets kunstnarar/designarar:

SMYKKE | Ann-Christin Stenseth er gullsmed. Ho er opprinneleg frå Oslo, men har drive eigen verkstad og gullsmedbutikk i Stavanger i 30 år. Ho vart utdanna gullsmed i 1989 ved Elvebakken vid. skule. Ho lagar kun unikate (ein av kvar) smykke. Dei er laga for hand og ikkje støypt. Stenseth jobbar hovudsakleg med gull og sølv, men også edelsteinar.

KERAMIKK | Abbi M. Vandeskog bur og arbeider i Haugesund, der ho driv og eig galleri Albertine på Bakarøy i Haugesund. Ho ønskjer å skapa raffinement og eleganse gjennom fordjuping i enkle, harmoniske former. Ho leikar med ulike dekorative teknikkar, fargekominasjonar og kontrastar, med vekt på at design skal framheva form. Vandeskog dreier brukskunst som kopper, skåler, vaser og lamper med lekker design og delikate fargar. Ho har lært keramikkfaget og har m.a. drive verkstad og galleri på New Zealand gjennom mange år.

Foto: Mille Frømyhr.

STRIKK | Marie Leiknes står bak strikkefabrikken LEIK knitwear på Fitjar. Ho designar og produserer plagga sjølv. LEIK er brennande oppteken av tidlause, varige plagg av høg kvalitet.  Dei lanserer ikkje ein ny kolleksjon kvart år, men bygger den langsomt opp over tid. LEIK kombinerer inspirasjon frå naturen rundt den vesle strikkefabrikken i Fitjar med dei tekniske moglegheitene som ei moderne digital strikkemaskin gir.

SKINN/LERRET | Ingebjørg Nyhammer er designar og kunstnar (under namnet By Ingis) og jobbar med funksjon og tidlaus kvalitet for auga. Ho står bak merket Blåster og designer vesker, lommebøker og sekkar i ein skinnkvalitet som berre vert finare og finare ved bruk. Skinn- og lerretsprodukta er teikna for hand og kvar detalj har sin plass og funksjon. Skinnprodukta frå Blåster er laga for å tåla alt vestavinden bringer med seg og laga for å vara i generasjonar. Nyhammer kjem opprinneleg frå Stord, men bur og arbeider i Bergen. Ho har utdanninga si frå University of Hertfordshire i England og har tidlegare designa klede, veske og laga plateomslag og kunstnarisk materiell for norske artistar.

Velkommen til julemarknad i Smio. Her får du oppleva flott kunst og design – og med på kjøpet får du førjulsstemning i eit spanande utstillingsmiljø.

Read Full Post »

BEVEGELSE i haustferien

 

Tre kunstnarar har samarbeidd om utstillinga BEVEGELSE. Uttrykka omfattar performance, lyd, video, maleri og teikning. Staden er Bømlo kulturhus.

 
BEVEGELSE er ei gruppeutstilling med arbeid av Kristine Marie Aasvang, Regine Stensæth Josefsen og Aurora Solberg. Teknikkane brukt i utstillinga strekker seg frå maleri og teikning, til video, lyd og performance. Felles for arbeida er at dei forholder seg til begrepet bevegelse på vidt forskjellige måtar.
 
Det kan vere bevegelsen i lyden og stemmen – i pigmenta og komposisjonen – i naturen, objekta eller i kroppen.
 
Der Kristine Marie beveger omgivelsene med lyd, stemmen og streken, er Regine på jakt etter rytmen og gjentaking som finnest i kroppen og i daglegdagse rutiner. Aurora jobbar med korleis materiala og omgivnadane beveger seg sjølv og kvarandre, og saman blir til noko nytt.
 
Regine Stensæth Josefsen jobbar med performativitet, hovudsakelig gjennom maleri og performance – alt etter kva som best uttrykker den handlinga, rytma, eller bevegelsen ho er ute etter. Tematikken dreier seg rundt kroppsspråk og menneskeleg identitet, og humor er et sentralt virkemiddel. Regine fullførte sin mastergrad ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen 2015 og bachelorgrad ved Kunstakademiet i Trondheim i 2013.
 
Kristine Marie Aasvang er ein aktiv musikar, låtskrivar, lydkunstnar og bildekunstnar, med ein master i bildekunst frå Kunst- og designerhøgskolen i Bergen og Kunstakademiet i Trondheim. Stemme som kunstuttrykk er hennar hovedprosjektet ved siden av billedkunsten.
4. oktober slepp ho sitt andre album med bandet The Secret Sound Of Dreamwalkers, Whirlwind.
Aurora Solberg jobbar med maleri som utgangspunkt i sin kunstneriske praksis. Ho utforskar materiala og media som vert brukt i ulike typer maleri, samtidig som ho utforskar sin egen interaksjon med materialene. Dei siste årene har ho utforska akvarellmaleriet sine medier og teknikker. Aurora har ein master i bildekunst frå KHiB/KMD og ein bachelor fra Kunstakademiet i Trondheim. Ho har delteke på flere utstillingar i inn og utland, og er aktuell med malerier på Vestlandsutstillingen.
 
 
 

 

Kristine Marie beveger omgivnadane med lyd, stemma og streken sin. Ho jobbar med lyd og stemme som kunstuttrykk, både gjennom lydkunst, performance maleri og teikning.

Regine er på jakt etter rytmen og gjentakinga som finnest i kroppen, og i dei daglegdagse rutinene. Dette utforsker ho gjennom bl.a. akrylmaleri, video og performance.

Aurora interesserer seg for sjølve maleriprosessen, korleis materialene beveger seg og kvarandre og saman blir til noko nytt. Ho utforskar vannmaleriet sine egenskaper og uttrykk på ulike overflater som papir og glas, og video.

Velkommen til ei variert kunstoppleving, BEVEGELSE opnar laurdag 5. oktober.

Read Full Post »

Bømlo kunstlag si sommarutstilling opnar laurdag 29. juni kl. 14.00. I år kan du oppleva Klara Sofie Ludvigsen sin fotokunst i Bømlo kulturhus. Utstillinga har ho kalla ”Ytre strok”.

I utstillinga Ytre strokfår me innblikk i ein pågåande arbeidsprosess der Klara Sofie Ludvigsen jobber improvisatorisk med fotografi i mørkerom. Ho kombinerer fotografiske negativer i storformat med glas- eller plastplater som ho bearbeider med ulike teknikkar. Gjennom å metodisk rotere på kombinasjonen av dei ulike laga, fratar ho seg sjølv kontroll og uventa komposisjonar oppstår. Ludvigsen ynskjer at form skal stå sentralt i det fotografiske språket, og tilfører forstyrrande grep for at auget skal sakke ned farten og bruke tid på å utrede motivet.

 

Ludvigsen er utdanna ved Kent Institute of Art and Design, England og Universitat Politècnica de Catalunya, Barcelona. Ho bur og arbeider i Bergen, der ho er ein av initiativtakarane til den medlemsbaserte verkstaden for analog fotografi, Mørkerommet.

Utdrag frå Cecilie Størkson sin utstillingstekst til Black is light ved Tag Team Studio:

«(…) inngrepene kan både spille på lag med og bryte med det opprinnelige bildet. Det kan vi for eksempel se i Ludvigsens bilder av storslåtte landskap, hvor strimer av tåke blandes med malingsstrøk eller blyantstreker, som både fremhever tåkens kvaliteter og ytterligere kamuflerer landskapet bak den. Særlig Ludvigsen ønsker å komme bort fra forestillingen om at fotografiet er noe man kan gjenkjenne og forstå ved første øyekast. Slik et kjøretøy må senke tempoet i møte med tette tåkebanker, vil også vi, som betraktere av Black is light, bli nødt til å sette ned farten og skjerpe blikket, i møte med fotografiet.»

 

Velkommen til utstillinga som heng heile skuleferien.

Read Full Post »


Medan vikingane herjar i Moster amfi i pinsen kan du ta ei fredeleg vandring i Tollhagekjellaren. I dei stemningsfulle lokala finn du nemleg Anne Bente Totland sin keramikk. Og i hagen og stovene er det kafé.

Bømlo kunstlag står bak utstillinga som er open fredag, laurdag og søndag. Du kan sjølvsagt få med deg både utstilling og ”I slik ei natt” i amfiet og me vil anbefala deg ein tur i kaféen i Tollhagen også. Der finn du ein rikhaldig meny og mellom anna kaker kor oppskrifta kjem frå det historierike gamle huset.

 

 

Keramikken i kjellaren er signert Anne Bente Totland, og dette seier ho om arbeida sine: ”Alt eg gjer er inspirert av livet i havet. Sjølivet har eg vore sterkt knytt til sidan barndommen, og eg føler at det er ei utømmeleg inspirasjonskjelde. Eg trur aldri at eg blir ferdig med å skildra former som kan stamma frå dette riket.

I arbeidet mitt har eg alltid jobba i serier, med formlike element. Eg liker også at gjenstandane formar grupper og skapar eigne former i mellomromma.

Skålene eg stiller ut her i Tollhagekjellaren, har eg jobba med det siste året. Dei er handbygde i steingodsleire, og glasert og brent ved 1240 grader i elektrisk omn.»

 

Totland er fødd og bur i Bergen, og der har ho verkstaden sin. Ho har utdanninga si m.a. frå Statens Høgskole for Kunsthåndverk og Design. Ho har hatt fleire separatutstillingar, delteke ved ei rekke kollektivutstillingar og er m.a. innkjøpt av Vestlandske Kunstindustrimuseum, Kunstindustrimuseet i Oslo og Norsk Kulturråd.

Velkommen til Tollhagen på Moster i pinsehelga.

Read Full Post »

No er det snart på tide å gjera om speglsalen i Bømlo kulturhus til kunstrom. Bømlo kunstlag sin vinterutstillar er klar.

Tradisjonen tru inviterer kunstlaget til utstilling i vinterferien. Opning laurdag 23. februar. I år er det bildekunst signert Anne-Sophie Blytt som fyller salen.

Arbeida til Anne-Sophie Blytt er stille og lågmælte. Duse fargar vibrerer i bildeflata,

Systematiserte i eit organisk geometrisk system. Ho gjer frihandsoppteikningar på lerretet, lagar eit system av rom, og fyller deretter inn kvar geometriske eining med tynne lag av fargar. Lysande overmaling av mjuke, bleika fargar balanserer på dei underliggande gittera. Slik manar ho målaria sine fram.

Blytt maler med eggtempera – eit materiale dei gamle meisterane brukte i sine fresker som me kjenner så godt frå kyrkjene i Europa. Fargen – som både er transparent og opak – ber måleria.  Blytt har gjennom sitt kunstnarskap via seg til, og forska på farge. Hun jobbar seg inn i fargar, blandar og blandar. Hva skjer når ein farge treff dei andre på lerretet? Påvirkar dei geometriske oppteikningane fargen?

Oppteikningane er viktige element i måleria. Blytt ønskjer meir enn monokrome flatar, og teikner opp system av geometriske former. I tillegg til geometriske system på kvart lerret, vert gjerne flere lerret sett saman til store måleri. Dei får ein pirrende dimensjon av å vere ruvande og store, samtidig som den personlege dimensjonen står sterkt: dei intime romma i oppteikningane står i kontrast til dei massive proporsjonene kunstnaren skaper når ho utfordrar storleiken til måleriet i eit rom.

 

Anne-Sophie Blytt er fødd i 1953. Ho bur i Bergen og har atelier i Kulturhuset USF. Ho er utdanna ved Vestlandets Kunstakademi 1877-1982. Opp gjennom åra har ho motteke ei rekke stipend og ho har m.a. hatt utsmykkingsoppdrag på plattformene Oseberg C og Gullfaks C, Bergen Landsfengsel og Strand vidaregåande skule. Ho har delteke i utallige gruppe- og kollektivutstillingar i Oslo, Bergen, Stockholm og Strandebarm. Ho har mange separatutstillingar på samvitet, t.d. på Galleri Langegården, Bergen, Stavanger Kunstforening, Tromsø Kunstforening og Kunstnerforbundet, Oslo, for å nemna nokre.

 

Foto: Øystein Klakegg.

 

Read Full Post »

Tradisjonen tru inviterer Bømlo kunstlag til julemarknad i Wichmannsmia siste veka før advent. Kunsthandverk som porselen, silkesjal, glas og smykke vil pryda den gamle smia innimellom rubbmotorar, grue og verktøy. Salsutstillinga opnar torsdag 22. november. Me serverer førjulsstemning og gløgg.

Signe Halle nyttar den japanske teknikken Shibori i sine silkesjal. Tekstilane blir bretta, sydd, folda eller knytta – slik at farge ikkje trenger inn overalt. Ho bruker ulike transparante silkekvalitetar og verktøyet er utskorne sjablongar i tre eller stål. Tekstilkunstnaren har atelier på USF i Bergen og er ansatt i 50 % stilling som verksmeister på Fagområde Tekstil ved Fakultet for Kunst Musikk og Design, ved UiB.

Keramikar Jan Kåre Myklebust sine arbeid er for det meste funksjonelt porselen. Formene er enkle, gjerne med ein kutta kant som bryt med det reine uttrykket og skapar ein kontrast. Han starta utdanninga si ved keramikkinstituttet i Bergen. Han tok så ein bachelorgrad ved University of Wolverhampton. Etterpå var han lærling hjå keramikar Dr. Julian Stair i London i litt over to år. Myklebust har no verkstad med utsal i idylliske Alvøen utanfor Bergen.

Ina Kristina Hove er glaskunstnar og fortel at ho jobbar saman med glaset. Ho blæs og formar ei kule. Så byrjar ho å presse, punktvarme, stikke hol, presse meir – glaset svarar med å strekke seg, sige og kjem med forslag. Slik vert det ferdige objektet eit hendelsesforløp i stivna form. Med sin bakgrunn frå teater er improvisasjon med materialet naturleg og naudsynt for kunstnaren. Prosessen skal synast i resultatet. Det gjennomsiktige glaset avslører og avdekker.

Siv Asbjørnsen lagar smykke i sølv og akryl. I tillegg brukar ho steinar, glas, nylon, emalje og andre materiale som dekorative element. Ho føretrekker klare, reine former og tek ofte utgongspunkt i geometriske grunnformer. Dei gjev mange mogleikar, kvar for seg eller i kombinasjon. Ho hentar inspirasjon frå tidlegarer kulturar og stilepoken Art Deco. Materiala i seg sjølv kan også vera kilde til inspirasjon. Favorittmaterialet sølv bind det heile saman til hennar særeigne stil.

 

Velkomen til julemarknad i Smio. Her får du oppleva flott kunsthandverk og førjulsstemning i eit spanande utstillingsmiljø. Opning torsdag 22.11. kl. 19.00

Read Full Post »

I år er det sjette gong Høstutstillingen i samarbeid med Norske Kunstforeninger formidlar eit utval videoarbeid til kunstforeningar rundt om i landet. Dette samarbeidet bidreg til å gjera Høstutstillingen til ei nasjonal utstilling – både for kunstnarane som deltek og for publikum som kan sjå kunsten der dei bur.

Bømlo kunstlag viser videoverka i samarbeid med Bømlo kulturhus og dei kan opplevast i perioden 1.-30. november. Verka vert vist etter avtale, ta kontakt med kulturhuset.

Tidlegare år har enkeltverk blitt framheva, men i år vert to heile videoprogram presentert. På den måten håpar ein å formidla noko av mangfoldet som Høstutstillingen er kjent for. Samstundes, ved å presentere filmane i program slik juryen har sett dei saman, får publikum innsyn i juryen sine kunstfaglege vurderingar og korleis dei meiner desse filmane kan kontektstualisera kvarandre.

I videokunst møter me utforskande forteljarformer og krysningar mellom ulike sjangrar. Med variasjon i uttrykk, tematikk og teknikk, viser arbeida videokunstens største styrke – mediets plastiske moglegheiter. I videokunsten kan historieforteljing føregå på andre og nye måtar, og kanskje kunstopplevinga kan føra til at ein ser annleis på eiga historie og omgjevnader i etterkant.

 

PROGRAM 2:

Astrid Findreng og Grethe Britt Fredriksen: EXPIRATOR

Helge Hansen: ForestSurprise

Andrea Bakketun: Hull i teorien

Hanne Nygård: It’s like things are not real here

Lengde: 36 min.

 

PROGRAM 4:

Helge Hansen: A walk on the Beach

Andrea Lange: AH UM

Marius Mathisrud: FreeDOOM Fighter

Karou Calamy: Hajar

Franciska Eliassen: Imellom/Blue borders

Lengde: 34 min.

 

Høstutstillingen har som mål å visa kva som rører seg i norsk samtidskunst. Alle kan søkje om å få stille ut på Høstutstillingen. Deltakarane vert vurdert av ein jury som består av seks kunstnarar som er valt av Norske Billedkunstneres landsmøte, og sit i to år av gangen. Den nasjonale juryen i år er: Anna Ihle, Anders Kjellesvik, Tom Stian Kosmo, Joar Nango, Julie Lillielien Porter og Marte Aas.

Read Full Post »

Momentum i haustferien

Me kjem frå ein relasjon, me knyter relasjonar, me er avhengig av relasjonar, me bygger relasjoner. Mennesket si tilknyting til andre bidreg til å bygge mennesket sin identitet og til sjuande og sist kan ein seie at alt handlar om relasjonar. Denne tematikken er sentral når eg arbeider med mine maleri. 

Dette seier Marie Storaas sjølv om kunsten sin. Ho er Bømlo kunstlag sin haustutstillar. Utstillinga Momentum opnar laurdag 6. oktober.

Storaas er fødd i 1981 og bur og arbeider i Bergen. Ho har ein mastergrad i kunst frå Kunsthøgskolen i Bergen og  har delteke på ei rekke utstillingar i Bergen og på Vestlandet. Under årets Vossajazz var ho festivalutstillar.

I Bømlo kulturhus vil Storaas stilla ut ei rekke maleri og ein videoinstallasjon. Arbeida hennar rører seg mellom det konkrete og det abstrakte, det romlege og det skulpturelle. Uttrykket er sansbart og består av taktile flater som har eit materielt språk.

Utstillinga heng heile haustferien. Velkommen!

Read Full Post »

I timane før du skal på Evita-framsyning i Moster Amfi kan du sitja ved eit kafébord i idylliske Tollhagen. Og i kjellaren kan du få med deg flott glaskunst signert Formbar Glassverksted.

Bømlo kunstlag er ansvarlege for utstillinga og saman med Bømlo Teater held dei open kafé i Tollhagen gjennom heile musikalperioden 8.-18. august.

Formbar Glassverksted AS held til i Haugesund og er ein fellesverkstad og atelier som vart etablert i 2017 av glaskunstnarane Eirin Bjørsland Hansen, Julie Shirani Kausland og Kirsten Vikingstad Storesund. Formbar satsar på høg kvalitet og tilbyr designvarer, brukskunst og kunst i glas. I tillegg til besøkslokale og uttal har verkstaden deira ein fullt utrusta glasblåsarverkstad og slipeverkstad.

Julie Shirani Kausland kjem frå Bergen og har m.a. utdanna seg ved Glasskolan i Kosta, Nordiska Programmet, Sverige og har delteke ved kollektivutstillingar i Sverige, Latvia og Norge.  Ho jobbar strukturert og er oppteken av teknisk godt handverk med høg funksjonalitet og fokus på detaljar. Som formgjevar har ho ein lidenskap for brukskunst av høg kvalitet med ein estetikk som speglar att hennar interesser og oppfatning av verda.

Eirin Bjørsland Hansen kjem frå Elverum og er m.a. utdanna ved Riksglasskolan i Orrefors, Sverige og Det Kongelige Danske Kunstakademis skoler for arkitektur, design og konservering, avd. Glass, Bornholm, Danmark. Ho har medverka på fleire kollektivutstillingar i inn- og utland og har hatt ei separatutstilling i Galleri T i Elverum.  Ho jobbar både funksjonelt og skulpturelt, men vert stadig dregen vekk frå det tradisjonelle mot det abstrakte og skulpturelle. Ho hentar inspirasjon frå naturen, havet og fargesjatteringar på himmelen.

Kirsten Vikingstad Storesund (Karmøy) har også si utdanning frå m.a. Riksglasskolan i Orrefors, Sverige. Ho har delteke ved fleire utstillingar både i Norge og utanlands. Ho arbeider systematisk og brukar mykje av sitt opphav som hovudinspirasjon til nye produkt og kunstobjekt. Som formgjevar og handverkar jobbar ho med komposisjon, strame former og blandar gjerne andre materialer inn i arbeida for å skapa eit heilheitleg inntrykk.

Utstillinga opnar onsdag 8. august kl. 17.00, opningstida vert 17.00-21.30 og kafeen held ope 17.00-23.00 kvar dag (begge stengt måndag 13. august, då det ikkje er framsyning).

Read Full Post »

Older Posts »