Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Utstillingar’ Category

Mjuke forteljingar

Tekstilkunstnar Åse Ljones er Bømlo kunstlag sin sommarutstillar. Sting for sting fortel ho historiar som me kan oppleva i kulturhuset i sommar. Velkommen til opning torsdag 28. juni kl. 18.00. Utstillinga heng til 12. august.

Åse Ljones er utdanna ved Bergen Kunsthandverkskule med hovudfag tekstil.  Ho har arbeidd med tekstil i ulike materiale og uttrykk. No er det broderi for hand som er med å skapar bilete og store teppe. Tida, ljoset og nærleiken til naturen er med å forma det ferdige uttrykket. Tolmod og styrke er nokre av eigenskapane som kjenneteiknar tekstilkunstnaren. Eigenskapar ho kanskje har med seg frå oppveksten i Strandebarm? Ho har lete seg inspirera av mellom anna sterke kvinner frå denne tida. Nokre av arbeida hennar ber på forteljingane deira, møysommeleg fortalt sting for sting, tråd for tråd – ein møysommeleg prosess. Natur, lys og årstider har påvirka arbeidet til Ljones – og det er mykje Hardanger å spore i tonesetjinga hennar. ”Åse søkjer sjelefred og kontemplasjon, ho vil grava seg ned i sitt eige for å henta noko ut, noko personleg ho kan allmenngjera og dela med andre, ho vil vera i den fredsame broderinga si og fortelja om verdiane i dei små menneska sine nære, kvardagslege historiar. Ho vil syna fram dei blyge skogblomane, minnast dei bortfarne og usynlege kvinnene, vera gamaldags på ein nyskapande måte. Det er ein trass der, eit blikk for manglar i samtida, ein protest mot den forbrukande og oppskrudde tidsånda, ei sakte klipping og sying i kontrast til liberalisme og finansprofitt” heiter det i katalogen for utstillinga hennar i Kabuso i 2014.

Til Bømlo kulturhus har Ljones med seg store teppe og nokre bilete som er spent opp på rammer, alt er håndbrodert på lin.

 

Åse Ljones har ei rekke gruppeutstillingar bak seg dei siste åra, mellom anna i KODE II i Bergen, og i Brown Grotta Art, Connecticut, USA. Separatutstillingar har ho hatt i Risør kunstpark, Nationaltheatret, Oslo, Kabuso, Galleri Giga, Sørlandets kunstmuseum og Konstens Hus Luleå, Sverige for å nemna nokre. Eksempler på utstmykkingsoppdrag:  Solli DPS, Bergen, Stord Hotell, Høgskulen Stord Haugesund og Den norske ambassade i Kathmandu i Nepal. Ho er også innkjøpt av m.a. Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Oslo, Kunstindustrimuseet i Trondheim og Sørlandets Kunstmuseum. Hennar siste utsmykkingsoppdrag er det enklare å oppleva for bømlingane, det er nemleg på nye Bremnes Ungdomsskule.

 

Advertisements

Read Full Post »

Medlemsutstilling sommaren 2015

 

Bømlo kunstlag inviterer til medlemsutstilling til sommaren og alle medlemmer er med dette invitert til å vera med.

Utstillinga vil vera i kunstlaget sitt utstillingslokale i Bømlo kulturhus frå slutten av juni til byrjing av august.

Tittel (og dermed temaet) for utstillinga vert ”Utsyn og innsyn”

 

Dei som vert med kan delta med inntil tre verk av valfri teknikk, og minst eitt av verka vil vera med i utstillinga. Bileta vert profesjonelt kuratert og montert av Trine Vangen og Ruth Mallinson.

Påmeldingsfrist: 5. mai. Påmelding på e-post til Janne Robberstad, janne@spotogspindel.no. For spørsmål kan ein ringa henne på tlf. 952 45 462.

Meir informasjon og praktiske opplysningar rundt utstillinga vert sendt dei påmeldte etterkvart.

 

Me håpar dette vil vera interessant for mange og gler oss til ei spennande utstilling!

Read Full Post »

BKL-plakatMIM

Read Full Post »

Berus deg!

BKL-plakatFresvig-Nielsen

Read Full Post »

BKL-plakatSchjetleinHartveit

Read Full Post »

Liv Åshild

LivAashild   Liv Åshild Tvedten opna si fyrste utstilling i går. Ho har vore medlem og fast kaffikokar i Bømlo Teater i 30 år. Gjennom alle desse åra har ho fotografert. Og i høve Bømlo Teater sitt 40 års jubileum, stiller me ut eit utval frå fotoalbuma hennar. 23 bilete er forstørra og innramma og heng i Bømlo Kulturhus i nokre veker framover. Det er vel verdt ein tur. Her er mykje gode minner for teatermedlemmar og eit sjarmerande innblikk bak kulissene for dei som ikkje har teater-tid bak seg. Trine Hjertholm opna utstillinga. Her med Liv Åshild, som hade gledd seg til å snakka i mikrofon. 20131123_132334 Liv Åshild med teatermedlem Finn Bakke.   20131123_130538   Det var stor stas og ca 40-50 folk var innom og fekk med seg ei rørande utstillingsopning. 20131123_130509

Read Full Post »

Julamarknad 2013

BKL-JUL2013

Read Full Post »

Older Posts »