Årets malekurs med Brian Wallace er nett ferdig, og her er eit lite inntrykk av kva me har brukt helga på:
14 folk samla i Urangsvågen (det var diverre for mykje vær til at me kom oss ut til Slåtterøy, så plan B måtte tre i kraft) har malt i nesten samanhengande 48 timar, berre avbrutt av litt mat, vin og søvn.
God plass og godt lys, ein inspirerande lærar, og kva meir?… tilgang på sjokolade! 😉
Brian i ein av sine show-and-tell.
Work in progress…
Maling kan vera meditativt.
Jan Willy med kaffi og steinrøys.
Brian sitt party-triks: å male folk med brei pensel på 1-2-3!
Solfrid er fornøyd med grunninga.
Grete viser sine to store sjøhus.
Caroline kom heilt frå Karmøy for å vera med oss, og viser tur-områdene sine.
Cristel har foreviga eit ferieminne frå Spania, samt ein liten fiskebåt.
Mor hennar, Nancy, med eit ekte bonderomantisk motiv, og eit sjøromantisk 🙂
Knut Tharald med ein tradisjonaell sjark og eit hemningslaust svaberg!
Hildegunn fekk kurset i gåve av dottera si (for ei kjekk jente!) og kvitterte med å male tre bilete, i allefall eitt av dei frå Hiskjo.
Min kjære co-pilot Jan Willy var kursets mest produktive, og malte iallefall 5 bilete, viss det ikkje var 6…
Herlege Ella frå Austevoll med barndomsheimen.
Solfrid sine intense haustfargar:
Ingbjørg malte mest berre motiv frå Slåtterøy, ho var ikkje den einaste som ergra seg over at veret satte ein stoppar for den delen av kurset…
Torunn med eit veldig sprekt barnebarn! 🙂
Og dottera Tine, som jobba mykje med hudfargar gjennom portrett.
For ein flott gjeng! For nokre flotte bilete det vart! Og for ei flott helg me har hatt!
Tusen takk til Brian og Janne for fantastiske dagar!! Håpar kunstlaget arr. fleire slike kurs!! Varm klem frå Ingebjørg.