Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Bømlo Kunstlag haustutstilling 2023
transformasjon
Peter Lukas & Erlend Helling-Larsen

Laurdag 7. oktober, kl 13:00 er det offisiell opning av Bømlo Kunstlag si haustutstilling. Velkommen skal du vera. Utstillinga er open fram til 17. oktober.

Transformasjon er ein serie med handbroderte fotografiar som er blitt til gjennom eit samarbeid mellom Peter Lukas og Erlend Helling Larsen.

Peter Lukas fotograferer transpersonar på deira eigne premissar, utan nokre forutinntatte mål om uttrykk eller bodskap. Modellane vel sjølve korleis dei ønskjer å bli portretterte, og fotografen fangar eit øyeblikk av deira forteljing gjennom klassisk fotografi i svart-kvitt.

Erlend Helling Larsen transformerer fotografia ved bruk av broderi, som skapar eit visuelt verk og som tilfører bileta ein ekstra dimensjon. Resultatet er eit uttrykk som rører sansane og stimulerer tankane.

Utstillinga består av 12 fotografi med broderi. Bileta vil ikkje vera til sals enkeltvis under utstillingsperioden. Slik vil sjåaren kunne ta inn verka utan distraksjonar. Etter utstillinga skal bileta seljast som ein komplett serie til ein institusjon som kan presentere bileta på ein god måte.

Peter Lukas er ein norsk kunstnar som er født i Austerrike i 1969. Han har vore uavhengig kunstnar sidan 1989, og jobbar no primært med fotokunst. Utstillingar av Peter Lukas har ein kunna sjå mange stader i Norge, i Austerrike, og i Tyskland. Kunstnaren har jobba med større prosjekt som bokserien «forandring»: fotografi før og no. Det består av ein bokserie med bileter tatt i ulike norske byar i fortid og notid, og skapar såleis ein unik og viktig dokumentasjon av desse byane si utvikling. Andre prosjekt er «bilder fra syria» og det nyaste «transformasjon».

Kunstnaren har også levert fleire bestillingsverk til offentlege og private samlingar i Norge, Irland, Austerrike og Israel.

Erlend Helling Larsen er født i Norge i 1975. Han har utdanninga si frå Oslo Tegne og Male Skole, Universitetet i Oslo: Kunsthistorie, Psykologi og Religionshistorie, og Fine Arts frå Gerrit Rietveld Academie, Amsterdam.

Sidan 2018 har han vore dagleg leiar for Sørlandsutstillinga.

Erlend Helling Larsen har hatt fleire gruppeutstillingar i Norge, Ukraina, Nederland, Tyskland og USA. Han har også hatt fleire soloutstillingar, oppdrag og utsmykkingar i Norge og andre land.

Bømlo Kunstlag sommerutstilling 2023
«SAMTALER»
Kari Aasen & Kiyoshi Yamamoto

Laurdag 24.06, klokka 13:00 ynskjer Bømlo Kunstlag velkommen til årets sommerutstilling. I år får Bømlo Kunstlag muligheten til å presentera kunstnarane Kari Aasen og Kiyoshi Yamamato i sommerutstillinga «SAMTALER». Det er første gongen Kari og Kiyoshi stiller ut saman og utstillinga er eit møte mellom to kunstnarar frå kvar sin generasjon. Dei har verkstad i same gang på USF Verftet i Bergen og har det siste året jobba på kvarandre sine verk. Det er resultata av denne «samtalen» me får oppleva på utstillinga. Samtalen tek òg form av kunstnarane sine eigne verk som «samtalar» i rommet.

Kari Aasen (1950) har vore kunstnar i over femti år og på Bømlo har ho vist sine keramiske verk både i Wichmann smia og i Bømlo Kulturhus tidlegare. Aasen har diplomeksamen frå Bergen Kunsthåndverkskole og hovudfag frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho har hatt utstillingar i ei rekkje land, frå Kina til Tyskland og Svalbard og er innkjøpt av mange institusjonar og har hatt fleire utsmykkingsoppdrag. Verket «Dagboksnotater» er ein del av utsmykkinga på Svortland Ungdomsskule. Til hausten kjem ho til Haugesund Billedgalleri.

Kiyoshi Yamamoto (1980) har si utdanning frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen, Escola de Belas Artes, Rio de Janeiro, og Saint Marin’s School of Arts and Design, London. Yamamoto har hatt ei rekkje separatutstillingar, er medlem av Norske Tekstilkunstnere og arbeider med ei mengde ulike material. I 2023 vert han vist i TAG team Bergen, Munch Museet, Moderna Museet, Danish Design Museet og London Design Weekend – og på Bømlo. Han er innkjøpt av fleire institusjonar, blant anna av Noregs ambassade i Brasilia.

10. juni var det tid for Folk på Bømlo igjen. Bømlo Kunstlag stilla sterkt i år og, sjølv om det i år ikkje medførte observasjonar av turkise haiar i Storavatnet eller lange rekker av fine maleri i trea. I år ville me heller inn i ståva og opp på veggen.
I strålande sol og yrande folkeliv presentere Bømlo Kunstlag seg med prosjektet «Bli ditt eget portrett».

Sjøl om haustmørke no har satt inn, har me heldigvis mykje å sjå fram mot. Snart er det tid for kunsthandverk i Wichmann-smia igjen.
I mellomtida kan me sjå tilbake på flotte minner frå Tollhagen no i sommer.

Foto og redigering av Jan Leversund

Bømlo Kunstlag haustutstillinga 2022

«maleri»

Amund Gravdal

Bømlo Kunstlag vil med glede invitere til utstillingsopning laurdag 18. okt kl 13:00.
Utstillar i år er bildekunstnaren Amund Gravdal (f.1988), som er ein mange av oss her på Bømlo har kjennskap til. Reisa hans inn i målarkunsten har vore lang og krevjande- frå Kabelvåg, via Volda og Haugalandet, til Portugal og til han no er på vesle Bømlo.  Med seg i kofferten frå reisa hadde han ikkje berre malesaker, men ein kunstutdanning frå Nordland kunst- og filmfagskole, ein bachelor i musikk frå Høgskulen i Volda samt kunst og handverk.

Då  Gravdal var i Portugal vart han påverka av det sterke lyset og dei varme fargane. Det er synleg i paletten og uttrykket til Gravdal. Han har hatt fleire utstillingar rundt om i landet og ein i Portugal. Gravdal er ein aktiv malar og 2020  bidrog han med måleria sine i KoronaKunst i regi av Bømlo Kunstlag.

Amund Gravdal er medlem av Landsforeningen Norske Malere og Norske Billedkunstnere. I 2021 fekk han årets Høstsalong pris av Haugesund Kunstforening.

Bømlo Kunstlag vil presentere Amund Gravdal i haustutstillinga si. Her vil Gravdal vise måleri som ikkje har vore vist offentleg før og eit av måleria vil inkludere ein lydinstallasjon.
Bømlo Kunstlag gler seg til å presentera utstillinga «Malerier» i Bømlo Kulturhus.

Som ei lita feiring av at Bømlo Kunstlag er 40 år i år blei kunsttavla på Fet behørig dekorert i samarbeid med 6. klasse ved Svortland skule.

Bømlo Kunstlag sommerutstilling 2022

«Bevegelse og stillhet»

Feng Xian Lin

Med stor takksemd kan Bømlo Kunstlag presentera Feng Xian Lin si utstilling ”Beveglighet og Stillhet”.
Feng Xian Lin er født i Kina 1960. Ho har utdanning frå Kunstakademiet i Changsha, Hunan. Der gjekk ho frå 1979-1983. Då ho var ferdig utdanna, arbeidde ho som malar og kunstdesignar i tre år før ho flytta til Bergen i 1996.
Etter dette har Feng Xian Lin hatt fleire titals utstillingar i Norge, Paris, Italia, Berlin, London og Kina. I tillegg har ho skrive, designa og produsert fleire bøker om kinesiske folkeeventyr. Ho har òg skrive bøker om kinesisk kultur og mat der ho får brukt utdanninga si som kokk.
Ho har arbeidd med mange ulike teknikkar som foto, kalligrafi, skulptur og akvarell, men dei seinare åra har ho fokusert på maleri på lerret. Det er mange som stor glede av arbeida til Feng Xian Lin.
Om arbeida sine skriv Feng Xian Lin:
”I spennet mellom figurasjon og abstraksjon i mitt arbeid, kommer tankene om min egen livsfase inn, med sine smertefulle kamper, tunge tanker og med sin følelsesmessige dybde. Men når verkene når publikum, blir de levert og presenterer seg i en positiv konsentrasjon av energi.»

Årets utstiller i Tollhagen er Margrethe Barstad Golberg.
Golberg er utdannet ved Bergen Kunsthåndverksskole 1981-1986 innen keramikk og bor og arbeider i Bergen.

«Jeg har hele tiden hatt porselen som mitt hovedmateriale. De senere årene har jeg jobbet mer med store gjenstander, som er laget i en blanding av porselen – og steingodsleire.

Jeg er fascinert av det skjøre og gjennomskinnelige i porselenet, og hvor langt jeg kan strekke det i dreieprosessen før det kollapser. I alle mine arbeider er jeg opptatt av stramme og klare former, som tillater meg å leke/ utforske former og farger i dekoren. Bruker ofte å gjenta samme formelementer, men varierer dem i størrelse og farge, og hvor tett eller langt fra hverandre de står. På denne måten leker jeg med dekoren, slik at arbeidene får svært ulike uttrykk. Dekorelementene er ofte sirkler og prikker. Bruker å si spøkefullt om arbeidene mine; «-at jeg har laget prikker i over tretti år, men er fremdeles ikke ferdig med å utforske prikkenes hemmelighet».  De fleste arbeidene mine er ganske fargeglade, men også noen i kun svart/hvitt, med dekorinnslag av gull eller platina.

Alle mine arbeider er brent til 1300 grader i en propanfyrt ovn, der levende flammer setter sitt preg på fargene.»