Medan vikingane herjar i Moster amfi i pinsen kan du ta ei fredeleg vandring i Tollhagekjellaren. I dei stemningsfulle lokala finn du nemleg Anne Bente Totland sin keramikk. Og i hagen og stovene er det kafé.
Bømlo kunstlag står bak utstillinga som er open fredag, laurdag og søndag. Du kan sjølvsagt få med deg både utstilling og ”I slik ei natt” i amfiet og me vil anbefala deg ein tur i kaféen i Tollhagen også. Der finn du ein rikhaldig meny og mellom anna kaker kor oppskrifta kjem frå det historierike gamle huset.
Keramikken i kjellaren er signert Anne Bente Totland, og dette seier ho om arbeida sine: ”Alt eg gjer er inspirert av livet i havet. Sjølivet har eg vore sterkt knytt til sidan barndommen, og eg føler at det er ei utømmeleg inspirasjonskjelde. Eg trur aldri at eg blir ferdig med å skildra former som kan stamma frå dette riket.
I arbeidet mitt har eg alltid jobba i serier, med formlike element. Eg liker også at gjenstandane formar grupper og skapar eigne former i mellomromma.
Skålene eg stiller ut her i Tollhagekjellaren, har eg jobba med det siste året. Dei er handbygde i steingodsleire, og glasert og brent ved 1240 grader i elektrisk omn.»
Totland er fødd og bur i Bergen, og der har ho verkstaden sin. Ho har utdanninga si m.a. frå Statens Høgskole for Kunsthåndverk og Design. Ho har hatt fleire separatutstillingar, delteke ved ei rekke kollektivutstillingar og er m.a. innkjøpt av Vestlandske Kunstindustrimuseum, Kunstindustrimuseet i Oslo og Norsk Kulturråd.
Velkommen til Tollhagen på Moster i pinsehelga.
Legg att eit svar